Spring – eller gå – til støtte for barn med kreft

Små og store, unge og gamle blir 16. september inviterte til å delta i #Løpformeg, der inntektene går uavkorta til Barnekreftforeningen.

Til støtte for barnekreftforeningen: – Vi håpar så mange som mogeleg vil vere med og gå, springe eller trille for ei god sak, seier Gunn-Bente Skåden frå Vikane IL og Henning Skogstad frå Skogstad Sport. Løypa har start og mål på idrettsbana, og vil gå forbi Langvin, om Hilde og tilbake forbi omsorgssenteret.  Foto: Gunnhild Sindre

Barnekreft-foreningen
  • Barnekreftforeningen er ein organisasjon driven av foreldre som har eller har hatt barn som har kreft
  • Foreininga støttar familiar som blir råka av barnekreft og bidreg m.a. til forsking og utdanning
Nyhende

Vikane IL er lokal arrangør her i distriktet, medan Skogstad Sport AS står bak løpet saman med Barnekreftforeningen og Springtime, arrangør av treningsreiser. Det ligg så langt an til å bli 25–30 løpsarrangement over heile landet, heilt nord til Svalbard. Både Oslo og Bergen er med.

– Håpet er at flest mogeleg, uansett alder og førlegheit, vil vere med. Alle inntekter går uavkorta til Barnekreftforeningen, seier Gunn-Bente Skåden leiar i tur-, trim- og skigruppa i Vikane IL og Henning Skogstad, dagleg leiar ved Skogstad Sport.

I Innvik er det lagt opp til ei løype med utgangspunkt i idrettsbana. Vidare går ho forbi Langvin, om Hilde, forbi omsorgssenteret og tilbake.

– Dette er ei løype for alle. Du kan gå, springe og trille. Det er ingen konkurranse, inga tidtaking. I utgangspunktet var det tanken at barn skulle springe for barn, men no er det eit arrangement der ein håpar på å få med heile familien, og elles alle som vil delta for ei god sak, seier Gunn-Bente Skåden.

Arrangementa i regi av Vikane IL og på Eid, i Sandefjord, på Sotra og i Kristiansund vil vere i samarbeid med butikkane Skogstad har der. I tillegg er Innvik-verksemda hovudsponsor for alle løpa.

– Folk frå alle bygdene omkring er sjølvsagt hjarteleg velkomne til å vere med og støtte Barnekreftforeninga på denne måten. Vi håpar på stor oppslutning også frå nabobygdene, seier Gunn-Bente Skåden.

På nettsida som heiter Lopformeg kan deltakarane finne eit løp i sitt område å melde seg på. Her kan du også sjå kven som er på topp blant arrangørane når det gjeld påmelding.

Etter at sjølve #Løpformeg-løpet er ferdig i Innvik, vert det også høve til å dra i hallen der det vert open kafé i salen oppe.

– Så dette blir ein familiedag der vi håpar så mange som mogeleg vil nytte høvet til å vere med og støtte ei god og viktig sak, seier Gunn-Bente Skåden.