Sterk, sterkare, sterk nok

Mathias Lilleheim (59) har jobba med toppidrettsutøvarar i 28 år. Men no er han tilbake i Stryn og oppteken av at folk flest skal ha ein styrke som gjer dei rusta for kvardagen.

Folk flest: Mathias Lilleheim, tidlegare medaljevinnar frå NM spyd og 28 år bak seg i Olympiatoppen, er flytta tilbake til Stryn. Her håpar han å kunne gi av sin treningskunnskap til folk flest. Slyngetrening er ein favoritt og den utfører han både innan- og utandørs heime på Hol.   Foto: Roy Aron Myklebust

Nyhende

Etter 28 år i Olympiatoppen, som fagansvarleg innan fysisk trening, flytta han og familien tilbake til heimbygda i fjor haust. Sambuaren er óg frå Stryn, og med to små gutar ønskjer dei å tilby eit alternativ til oppveksten i Oslo.

Lilleheim har ingen planar om å legge styrketreningskompetansen på hylla, tvert imot. Men han ser føre seg at kundegruppa kan innehalde eit større spenn enn før. Idrettsprofilar som Trine Hattestad, Suzann Pettersen og kvinnelandslaget i langrenn har alle nytt godt av treningskunnskapen til den tidlegare NM-medaljøren i spydkast. Men for han er mosjonisten i lokalmiljøet like spennande å jobbe med.