Produksjonen aukar stadig i distriktet – no trengst det meir plass:

2018 blir eit rekordår

Rekordår: Henriette Hatling, dagleg leiar ved Innvik Fruktlager, fortel om eit rekordår for plommer. Dette skuldast både den gunstige sommaren og auka satsing i regionen.  Foto: Gunnhild Sindre

Nyhende

Fruktproduksjonen aukar stadig i distriktet. I år vert det rekordår for plommer, fortel dagleg leiar ved Innvik Fruktlager. No treng fruktlageret snart meir plass, både til frukt og folk.

– Den veldig gunstige sommaren er ein medverkande årsak, dessutan den auka satsinga i regionen, seier dagleg leiar Henriette Hatling på spørsmål om kvifor det er ein slik stor plommehaust.