9 millionar kroner til Volda kommune

Nyhende

Volda kommune får ni millionar kroner frå havbruksfondet etter at regjeringa har opna for ytterlegare vekst i næringa. Totalt får fiskerikommunar og fylkeskommunar til saman tre milliardar kroner frå fondet, i følgje ei pressemelding.

Vågsøy, Selje og Gloppen er dei tre nordfjordkommunane som får utbetalt pengar. Vågsøy får 10,7 millionar kroner, Selje 7,3 mill. og Gloppen 2,8 mill. Verken Stryn eller Eid får pengar frå havbruksfondet.

Sogn og Fjordane fylkeskommune får 31,4 millionar kroner.

– Det er med stor glede vi mottok meldinga om 9 millionar kroner til Volda, seier Stig Olav Lødemel, leiar av Fellesnemnda Nye Volda.