Verdsdagen for sjølvmordsforebygging:

Ingen skal måtte døy for å bli fri smerta ved å leve

Nyhende

Måndag 10. september markerer LEVE Verdsdagen for sjølvmordsforebygging 2018 i Norge.

I Oslo vert 614 lys tent for dei 614 menneska som enda livet sitt i 2016, det høgst registrerte sjølvmordstalet på mange år i landet. I Sogn og Fjordane oppfordrar vi alle til å tenne eit lys i heimen.

LEVE sitt hovedfokus under årets markering er at sjølvmord også førekjem blant det vi til dagleg tenkjer på som friske menneske med eit tilsynelatande godt, sosialt og velfungerande liv med dei gleder og utfordringar som fyl med. Nokre av desse ber på tunge tankar som står i motsetning til det alle andre ser og opplever. Derfor må vi alle stå saman for å arbeide mot eit trygt og ope samfunn der menneske som har sjølvmordstankar våger å be om hjelp. Skal vi nå målet, krev dette også sterkt politisk engasjement.

Ein del tidlegare sjølvmordsforsøkarar seier i ettertid at dei eigentleg ikkje ønska å døy, men at dei ikkje orka å leve lenger grunna kjensle av utanforskap, verdiløyse, skam, smerte eller andre tilhøve. Det er ein sterk bodskap til samfunnet. Ingen skal måtte døy for å bli fri smerta ved å leve.

- No er tida overmoden for å styrke fokuset på sjølvmordsforebyggande/helsefremmande kampanjar og tiltak kjenneteikna med eit like heilskapleg og intensivt trykk likt det som til dømes har prega arbeidet med å redusere talet på trafikkulykker, seier styreleiar i LEVE Sogn og Fjordane, Nils-Petter Hauge. Vi vonar flest mogleg vil tenne eit lys i heimen komande måndag til støtte for dette viktige arbeidet; Eit lys for dei som har mist og for dei som slit akkurat no. Eit lys som kan minne oss om å ta kontakt med nokon vi er urolege for. Eit lys som kan opne opp for at vi sjølve orker å formidle vanskelege tankar vi ber på. Det finst hjelp til atter å finne livsmeining.