Norsk natur på utstilling

stryn kulturhus: Ien Klaver opna kunstutstilling i Stryn kulturhus laurdag. Her i lag med leiar i Stryn Kunstlag, Unni Berge.  Foto: Mina Flo Håvik

Nyhende

Mange hadde teke turen til Stryn Kulturhus då Ien Klaver opna utstilling av måleria sine laurdag.

Ien har studert kunst i Nederland og no har ho atelier på Nordfjordeid, og elles har ho hatt mange utstillingar før. Det heile opna med at Ien fekk blomster av Kunstlaget i Stryn.