Snart blir det hoftevrikk i Honndalshallen

Laurdag blir det hofte-vrikk og løfta overleppe når elvisimitatoren Kjell Elvis vitjar Hornindal.

I god Elvis- ånd: Kjell Elvis vitjar Honndalshallen laurdag. Elvis var sjølv oppteken av bilar, og arrangøren håpar at eigarar av veteranbilar vil stille på og lage ei flott ramme rundt konserten.  Foto: Pressefoto

Nyhende

Å imitere «The King of rock ’n’ roll» er stor industri i verdssamanheng, og Norge kan skilte med ein av dei beste i så måte. Kjell Elvis er europameister, nordisk meister og bronsevinnar i VM i Elvis-imitasjon.

Og laurdag kjem han altså til Honndalshallen for å skape skikkeleg Elvis-stemning.

– Vi vil ha med oss folk på ei reise tilbake i tid. I samband med dette ynskjer vi alle med veteranbilar ekstra velkomne. Elvis sjølv likte flotte bilar og eigde både Cadillac, BMW, Lincoln, Rolls Royce, Ford og Mercedes, så det hadde vore ekstra artig om det dukka opp nokre slike veteranbilar, og vi kunne hatt ei lita utstilling utanfor hallen, seier Ola Bergset Ulvedal i Hornindal Frivilligsentral i ei pressemelding. Han etterspør også folk med veteranbil til å vere med som sjåførar for nokre av publikummarane.

Hornindal sin eigen Elvis: Sjå "Camping-Elvis" i aksjon

– Om nokon kunne tenkje seg å bidra hadde det vore heilt fabelaktig, seier han, og ber interesserte ta kontakt direkte med Frivilligsentralen.

– Vi ser fram til ein festleg laurdag med god musikk og magisk stemning!