Tilrår ny tømefrekvens

Tvungen årleg tømefrekvens har vore gjenstand for kritikk og klagar. No skal saka få politisk handsaming.

Glad: Rådmannen har tilrådd at eigar sjølv er ansvarleg for å melde om rett intervall. – Eg er veldig glad om dette blir vedtatt, seier Garnes.   Foto: Roger Oldeide (Arkivfoto)

Nyhende

Fjordingen har tidlegare omtala Atle Garnes sine klager til Stryn kommune om tvungen årleg tømming av hyttetanken sin på Roset i Stryn. Garnes har eit såkalla vakuumtoalett i samband med ein septiktank med plass til 5.000 liter, noko han meiner det tek fleire år å fylle.

To gongar har han klaga på at han må betale 4.712 kroner kvart år for tømming av ein kvart full tank.