– Parken og stranda er ikkje ein del av leigeavtalen for Grobygget

Hornindal formannskap har vedteke hovudpunkta for leigeavtalen med Foreininga Grobygget. Dei er klare på at ny aktivitet i bygget ikkje skal avgrense ålmenta sin tilgang til Groparken og badestranda.

Ålmenta: – Groparken skal vere ein folkepark for ålmenta som skal nyttast til fritidssyslar og stemneplass for større og mindre arrangement, seier rådmannen.   Foto: Bengt Flaten

Nyhende

–Det er for kommunen viktig å halde fram prinsippet om at Groparken skal vere ein folkepark for ålmenta. Det er eit offentleg areal som skal nyttast til aktivitetar knytt til bading, andre fritidssyslar og til stemneplass for større og mindre arrangement (...) Ein kan såleis ikkje gje ein eksklusiv rett til foreininga til å disponere området. Her vil ein be foreininga utarbeide retningslinjer for den organiserte bruken av området, desse retningslinjene skal godkjennast av kommunen. Det må også utarbeidast eigen avtale knytt til ansvar for vedlikehald av grøntareal og rydding i strandsona, heiter det i saksutgreiinga til rådmannen.

– Dette er i tråd med det vi har snakka om. Det eg ser som viktig er at vi presiserer at parken og badestranda ikkje er ein del av Grobygget. I første omgang får dei konsentrere seg om bygget, kommenterte Randi Langlo (Ap) då saka vart handsama i formannskapet måndag. Formannskapet har fått fullmakt frå kommunestyret til å forhandle og inngå kontrakt med Foreininga Grobygget.