Dagens leiarartikkel

Beltegebyr til 370 busspassasjerar

Frå ein av dei mange kontrollane i landet førre veke.  Foto: Statens vegvesen

Bilbelte er den største livreddaren i trafikken, om ein køyrer bil eller buss

Nyhende

Førre veke gjennomførte Statens vegvesen landsdekkande kontrollar av beltebruk i buss. Resultatet vart 370 gebyr, kvar på 1.500 kroner, for ikkje å ha på beltet. Det gav statskassa ei inntekt på over ein halv million kroner. Ein sum som burde vore null. Ytterlegare 292 passasjerar sat usikra, men på grunn av usikre observasjonar vart ikkje desse ilagt gebyr.