Ikkje plass til begge

Tonning skule og Stryn Vaksenopplæringssenter i eitt bygg syner seg vanskeleg

Trongt: Rom- og funksjonsplan for utbygging av Tonning skule og Stryn Vaksenopplæringssenter i same prosjekt har vist seg vanskeleg. No tilrår rådmannen å dele prosjektet i to.  Foto: Harald Vartdal

Nyhende

Det syner seg vanskeleg å få plass til både Tonning skule og Stryn Vaksenopplæringssenter i eitt bygg. Det viser faglege vurderingar frå arkitektar, samt at uteområdet til Tonning skule har lite rom for ny bygningsmasse. Eigedomen Tingvoll er freda, noko som set avgrensingar på utbygging av eigedomen.

I økonomiplanen 2018–2021 ligg det inne ei kostnadsramme på kr 50.000.000 for prosjektet samla. Rådmannen meiner kommunen må gjennomføre utbygging av Tonning skule og Stryn Vaksenopplæringssenter i to fasar, og i to sjølvstendige prosjekt.