Skal «rydde opp» i eigedomsforhold

overføring: Gunnar Øen eig to eigedomar. Den delen av den minste eigedomen som ligg aust for vegen Kjøsapollen vil bli overført til hovudbruket som frå 2019 vil bli i Stryn kommune. Øen har i tillegg søkt om å dele frå denne bustaden frå eigedomen som vert verande i Hornindal og nye Volda.  Foto: Bengt Flaten

Nyhende

Hornindal kommune har kalla inn til oppmålingsforretning med formål arealoverføring onsdag, der ein vil rydde opp i eigedomsgrenser for Gunnar Øen. Hovudbruket hans ligg i Hornindal, og vert overført til Stryn kommune som konsekvens av grensejusteringa vedteken av Kommunal- og moderninseringsdepartementet i januar i år. Øen eig ein eigedom til, som han overtok for nokre år tilbake. Etter grensejusteringa vil denne eigedomen bli liggjande delvis i Stryn og delvis i Hornindal.