Ekornes-tilsette møtte nye eigarar med applaus:

Fekk lovnad om bonus

Det vart god stemning og spontan applaus då Ekornes-tilsette møtte sine nye kinesiske eigarar.

Positivt møte: Det var ingen tvil om at Ruihai Zhao i Qumei-gruppa fekk god respons under sitt møte med dei tilsette ved Ekornes tysdag. Det kinesiske selskapet kontrollerer no meir enn 98 prosent av aksjane i møbelkonsernet.  Foto: Nils Harald Ånstad, Sunnmørsposten

Nyhende

(Sunnmørsposten): Ekornes sine nye eigarar er i Norge og møtte tysdag dei tilsette i møbelkonsernet. Gründer og styreleiar Ruihai Zhao i Qumei-gruppa, det kinesiske selskapet som har kjøpt opp Ekornes, var mellom dei som møtte kring 900 tilsette ved hovudkontoret i Sykkylven. Tilsette frå andre avdelingar kunne følgje med på videooverføring. Via ein tolk fortalde «Mr. Zhao» – som han omtalast – at han var nøgd med det han hadde sett så langt.