Namnesak vedrørande fjell

Kartverket har starta namnesak vedrørande det som på kartet i dag står som Lidafjellet.

REtt: Er Lidafjellet rett namn på fjellet? Eller heiter det eigentleg Setrenibba/Sætrenibba, medan Lidafjellet er eit større fjellområde? Illustrasjon: Kartverket  Foto: Kartverket

Er Lidafjellet namn på eit større fjellområde litt lenger sør? Og korleis skal det skrivast?

Nyhende

Spørsmåla som vert stilte, er om Lidafjellet er rett plassert, eller om dette eigentleg skal vere namnet på eit fjellområde lenger sør.

Og vidare: Kva er i så fall namnet på det aktuelle fjellet?