Jaktar potensielle symjeinstruktørar

Vil starte symjekurs for born

Symjegruppa i Volda TIL vurderer å starte opp symjeundervisning for born i Stryn. Men først må dei utdanne instruktørar.

Symjeopplæring: VTI symjegruppa ønskjer å starte opp symjekurs for born i Stryn. Men først må dei lære opp i instruktørar og oppfordrar interesserte om å ta instruktørkurset dei snart tenkjer å starte opp.  Foto: VTI symjegruppa

Ein treng ikkje vere kjempeflink i symjing sjølve for å bli instruktør

Anne-Britt Aambø Hallaråker
Nyhende

– Vi er interessert i å kome i kontakt med potensielle instruktørar og kurse desse, seier Anne-Britt Aambø Hallaråker, symje- og stupekursansvarleg i VTI-symjegruppa. Ho fortel at ideen om å gjennomføre instruktørkurs, og etter kvart symjekurs for born, kom etter oppmoding frå foreldre i Stryn.

Norges svømmeskole

Volda har lange tradisjonar med symjing. Dei var tidleg ute med 25-metersbasseng, og hadde på 70- og 80-talet fleire utøvarar som hevda seg på landsplan. Idrettslaget har også drive med symjekurs sidan 2009 i regi av Norges svømmeskole.