Har tru på varige, gode tider i skogbruket

– Lønsemda er nok den beste sidan 90-talet

På Skåden i Innvik jobbar ei maskin seg meter for meter framover i skogen. Gran etter gran blir lagt i bakken, kvista og kutta. Totalt skal 1.800 kubikk tømmer hentast ut. Det er gode tider i skogbruket.

Gode tider: Skogbruksleiar i Nordfjord, Kjell Magne Åshamar, har stor tru på framtida for skogsdrift. Forsking og nytenking har eit mykje større fokus på tre som råstoff, og det kan bety gode prisar for tømmeret. Her er det Jakob Grøsvik som er i aksjon på Skåden i Innvik og hentar ut tømmer for Eyvind Reme. 1.800 kubikk er forventa å skulle fraktast til kaia på Faleide denne hausten.  Foto: Roy Aron Myklebust

Nyhende

Inne i maskina sit Jakob Grøsvik. Han har arbeidd med skogsdrift sidan 1982.

– Det var heilt anna utstyr då med motorsag, traktor og vinsj, smiler han. I fjor investerte Grøsvik 2,1 millionar i, for han, ny maskin (2011 mod.). Tørt og komfortabelt legg han gran etter gran i bakken, operasjonen tek truleg under minuttet. Vinsj-spakane frå 80-talet er bytt ut med eit ganske avansert datapanel. Blant anna foreslår maskina kuttlengder basert på prisen ein vil få med utgangspunkt i kor tjukk og kor rett stokken er. Men det er Grøsvik og hans augemål som til slutt avgjer om stokken skal vere til dømes 5,20 eller 4,10 lang, før saga blir sett igang og kuttar.