Har du eit slagord for nye Volda?

Nyhende

I samband med den pågåande utforminga av ny grafisk profil for nye Volda kommune, ønskjer ein også eit slagord kopla til denne. Lokalbefolkinga blir no invitert til å sende inn forslag.

- Bidraga må sendast inn før 30. september og dei mest aktuelle forslaga blir lagt ut for avrøysting, står det å lese på nye Volda si heimeside.

Alle deltakarar blir med i trekninga om ei handfull nye Volda-kaffikrus. Vinnarforslaget skal nyttast på den offisielle profilen til nye Volda.

Konkurransereglar:

◾Krenkande ord eller bodskap vert ikkje vurderte.

◾Er ein vinnar under 18 år, må føresette godkjenne at vinnaren kan motta premie.

◾For å kunne vinne må ein leggje att e-postadresse for å kunne kontaktast.

◾Personar som er med å arrangere konkurransen kan ikkje delta.

◾Innspel som kjem etter 30. september vert ikkje vurderte.