Varsel om jordskredfare på gult nivå for indre og midtre strøk av Vestlandet:

Regn, regn og atter regn

Det blir vått: På Vestlandet skal det bøtte ned gjennom heile helga. Det ser ikkje ut til å tørke opp før godt ut i neste veke. NVE har sendt ut varsel om jordskredfare.

No er det berre å ta fram regntøyet. Mot helga blir det ruskete haustvêr over store delar av landet   Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix / NPK

Nyhende

Det blir ruskete haustvêr over store delar av landet mot helga. Vestlandet får likevel det våtaste vêret. Her vil det kome litt regn kvar dag gjennom helga.

– Totalmengda med nedbør blir difor stor, seier Håvard Thorset, vakthavande meteorolog ved Meteorologisk institutt.