To borteoppgjer for Stryn

To bortekampar: Stryn spelar to viktige kampar på bortebane denne veka.  Foto: Thomas Thaule

Nyhende

Stryn fotball sitt damelag i 3. divisjon spelar borte mot Sandane torsdag kveld. Søndag blir det langtur til Årdal og møte med Jotun.

- Grunntreninga er god, så to kampar på få dagar skal vi tole, seier trenar Halvard Bøe.

Han forventar eit tøft oppgjer mot Sandane torsdag. Glopparane slo topplaget Kaupanger 2 med 1-3 på bortebane tidlegare i veka, noko som var eit sterkt resultat.

- Vi har god tru på poeng i begge kampane, men det er gode lag midt på tabellen vi møter. Sandane slo serieleiar Kaupanger 2 i går. Det blir ingen "walk in the park", seier Bøe.

– Det blir stort sett damespelarane som blir med på desse kampane. Om vi får forfall fyller vi på med jentespelarar, seier Halvard Bøe.