Dagens leiarartikkel

Førebygging mot sjølvmord

Meir openheit om eit vanskeleg tema som sjølvmord kan vere til avgjerande hjelp for mange

Nyhende

614 menneske valde å ta sitt eige liv i 2016. I følgje LEVE, Landsforeningen for etterlatte ved selvmord, det høgste registrerte sjølvmordstalet i landet på mange år.

Denne veka har det vore mykje fokus på sjølvmord og førebygging, i samband med verdsdagen for sjølvmordsførebygging 10. september. Blant andre av komikaren Else Kåss Furuseth som sjølv har mist både mora og broren i sjølvmord. Ho er aktuell med dokumentaren «Else om: selvmord» som vert sendt på TVNorge». Det at ein kjendis frontar eit så viktig og vanskeleg tema som sjølvmord, er viktig og kan i seg sjølv vere til hjelp for mange. Hennar enkle men likevel vanskelege oppskrift er å bli flinkare til å snakke om følelsar.