Samrøystes om ny tømefrekvens

Går bort ifrå tvungen årleg tømming
Nyhende

Fleire klager har ført til nytt forslag til tømefrekvens av tette septiktankar. Onsdag stilte formannskapet seg samrøystes bak rådmannen si følgande tilråding:

1. Tette tankar skal tømmast regelmessig i regi av kommunen. Minst kvart fjerde år.

2. Anleggseigar er sjølv ansvarleg for å plassere tømming av tank med rett intervall. Utan tilbakemelding frå anleggseigar blir tank tømt årleg.

3. Ekstra tømmingar utanom det faste intervallet bestillast direkte til tømeselskap, og kostast av anleggseigar.

4. Ved gjentatte ekstratømming skal tømeintervall vurderast.

5. Anleggseigar er ansvarleg for at anlegget er tett til ei kvar tid.

6. Alt slam ved tømming av tank skal leverast til godkjent mottak.

Saka avgjerast i kommunestyret 18. september