Snudde 1-3 til siger 5-3

Snudde kampen: Stryn sine fotballdamer løfta seg flott i andre omgang og snudde nederlag til siger mot Sandane.  Foto: Stig Høynes

Nyhende

Stryn sitt damelag i fotball klarte torsdag å snu pausenederlaget 3-1 borte mot Sandane, til 3-5 og siger.

Det var to stykk Karoline som klarte å få Stryn tilbake i kampen relativt tidleg etter pause. Karoline Flo reduserte til 3-2 etter sju minutt av andre omgang, og berre fire minutt seinare stod laga likt etter scoring av Karoline Nordheim Otterdal. Anna Rekdal Johannsdottir og Andrine Lødemel Bøe stod for Stryn si fjerde og femte scoring.

Med torsdagens tre poeng ligg Stryn på tredjeplass på tabellen med 28 poeng. Studentspretten leiar med 34 poeng og Kaupanger 2 ligg på andreplass med 30 poeng. Dei har ein kamp mindre spela enn Stryn og Studentspretten. Det står att seks serierundar.

3. divisjon kvinner:

Sandane - Stryn 3-5 (3-1)

1-0 Hilde Gulliksen (7. min)

2-0 Berit Leirgul (32. min)

2-1 Hedda Vatn Øvreberg (35. min)

3-1 Anna Fjellestad (43. min)

3-2 Karoline Flo (52. min)

3-3 Karoline Nordheim Otterdal (56. min)

3-4 Anna Rekdal Johannsdottir (66. min)

3-5 Andrine Lødemel Bøe (73. min)

Dommar: Abdinazir Mahamed Abdi, Eid Assistentdommarar: Sureskumar Kathiravel, Eid og Ruben Petersen Heggen, Heia

Rødt kort: Kaisa Vollsnes Wemby, Stryn (to gule kort 60. min og 90. min)