Strynefjellsvegen er opna

Begge vogntogsjåførane mista lappen

To vogntogsjåførar frå Polen vart fråtekne førarkortet etter å ha kollidert på Strynefjellsvegen torsdag morgon. Vegen er no open etter bilberging.

Sperra: Det eine vogntoget sperra heile køyrebana. Bak dette står neste vogntog som kolliderte med det første.  Foto: Politiet

Nyhende

– To vogntog frå same firma har køyrd etter kvarandre. Det eine fekk sleng og køyrde i autovernet. Vogntoga har kollidert med kvarandre og står i vegbana slik at vegen er sperra, fortalde politioverbetjent Lasse Trosdahl torsdag. Uhellet skjedde mellom Ospelitunnelen og Grasdalstunnelen. Redningsbil vart rekvirert kort tid etterpå, men det tok fleire timar å få bilane vekk frå vegbana slik at vegen kunna opnast att. Rett før kl 14.00 kunne Statens vegvesen melde om open veg. Då hadde rv 15 vore stengd for all trafikk i om lag fire timar.

– Begge vogntoga var utstyrte med dårlege dekk i forhold til føret. Politiet har teke beslag i førarkorta til begge sjåførane og det vert oppretta sak mot dei, opplyser Lasse Trosdahl.