Kulturdebatt i Olden

Korleis kultursatsinga i Stryn kommune skal bli i åra framover vart diskutert i Olden tysdag kveld.

Kulturdebatt i olden helsetun: – Korps i skuletida er viktig, sa Ketil Finsås Hansen (t.v.) Her i panelet saman med Ingrid Heieren, Jon Olav Kvamme, Astrid Drageset Raftevold og kulturskulerektor Linda Gytri. Sonja Øvre-Flo leia debattmøtet i Olden Helsetun tysdag kveld. Eit tjuetals personar møtte fram.  Foto: Roger Oldeide

Nyhende

I høve rullering av kommunedelplanen for kultur har Stryn kommune invitert grasrota til debatt om kultursatsinga i kommunen. Det andre og siste debattmøtet om planen vart arrangert i Olden Helsetun tysdag kveld.

Eit tjuetals frammøtte gav innspel til det som skal bli ein «god og framtidsretta kulturplan».