Strynefjellsvegen er stengt

To vogntog har kollidert og sperrar vegen

Det er snødekke og såpeglatt vegbane på Strynefjellsvegen torsdag føremiddag.   Foto: Webkamera Statens vegvesen, Grasdalen

Nyhende

To vogntog har kollidert på rv 15 Strynefjellsvegen og vegen er sperra torsdag føremiddag.

- To vogntog frå same firma har køyrd etter kvarandre. Det eine fekk sleng og har gått i autovernet. Vogntoga har kollidert med kvarandre og står i vegbana slik at vegen er sperra. Uhellet har skjedd mellom Ospelitunnelen og Grasdaltunnelen som er dei dei to vestlegaste tunnelane, opplyser politioverbetjent Lasse Trosdahl. Redningsbil er på veg mot Strynefjellet, men Trosdahl seier det vil gå noko tid før vegen vert opana att.

Politiet er på staden og rapporterer om såpeglatt snøføre. Dei som skal over Strynefjellet i dag må difor byte om til vinterdekk.

Oppdatert: - Begge vogntoga er utstyrte med dårlege dekk i forhold til føret. Politiet har teke beslag i førarkorta til begge sjåførane og det vert oppretta sak mot dei. Sjåførane er heimehøyrande i Polen, opplyser politioverbetjent Lasse Trosdahl.

Bilbergar er no i gang med redningsarbeidet, men vegen vil framleis verte stengt ei stund framover.