Desse vann frivilligprisen

- Dette var veldig overraskande, sa prisvinnarane

Vann frivilligprisen 2018 F.v: Dagfrid Flatjord, Randi Bjørseth, Steinar Sandal, Ranghild Vambeset og Margun Hage (ikkje tilstades) vann frivilligprisen 2018.   Foto: Roger Oldeide

Nyhende

I høve opninga av Strynemessa fredag var det utdeling av årets frivilligpris. Frivilligprisen for 2018 gjekk til følgande fem personar; Randi Bjørseth, Ragnhild Vambeset, Dagfrid Flatjord, Steinar Sandal og Margun Hage.

Prisvinnar Margun Hage var også vinnar av frivilligprisen i år  Foto: privat

Dei fekk pisen for sitt helsefremjande arbeid i form av song og samtalar med bebuarane på Vikane Omsorgssenter over dei siste 20 åra. Samtalane om gamle dagar og "songtimane" skal ha ein god effekt for oppbremsing av demenssjukdom for dei som er råka av dette, går det fram av grunngjevinga.

- Å stå i frivillig arbeid over så mange år er ein rikdom, men ein skal og ta med i reknestykket at det kan vere krevjande og belastande. Difor er det ekstra viktig å honorere dei som har slikt engasjement og det har desse fem verkeleg hatt i sitt arbeide, sa Anders Magne Vik på vegne av styret i Frivilligsentralen.

Det vart også lagt vekt på at prisvinnarane skriv ned historiane som dei på omsorgsenteret fortel om i samtalane.

Prisvinnarane var tydeleg overraska over prisen dei mottok til stor applaus i Strynehallen.

- Det var uventa, det må eg seie, men det er veldig stas, sa Ragnhild Vambeset.

- Vi visste vi var nominert, men det var heilt overraskande på oss, sa Randi Bjørseth.

Meir om frivilligprisen i tysdagsavisa