Stjerna på Strynemessa:

Klart for kalasstemning med Freddy

I år er det artisten Freddy Kalas som vert det store namnet på Strynemessa. Søndag ettermiddag er det klart for fyrverkeriet frå Drammen på den scena i Strynehallen.

Gler meg: – Eg har høyrt mykje bra om folk i Stryn og Strynemessa, så eg gler meg skikkeleg! seier Freddy Kalas, som lovar allsongshow frå den store scena i Strynehallen.  Foto: Pressefoto

Nyhende

Freddy Kalas (alias Fredrik Auke) har toppa salslistene her til lands fleire gongar. Han er spelt på VG-lista, har fått Spellemannpris og har vore på ei rekkje andre, store arrangement og var sist sett på TV i Allsang på grensen.

Hitlåten «Jovial» (som han også song på Allsang på grensen) har vorte ein stor slager, ein skikkeleg allsonggodbit, og no er han aktuell med ein ny gladlåt, «Vibber».

175 millionar streamingar

EDM-artisten er også kjend frå duoen Broiler (du har vel høyrt landeplagen «Pinne for landet»?) som han har hatt saman med broren, men har no bygd seg ei solid solokarriere.

Så langt i karriera har han over 175 millionar streamingar på Spotify, og gjer også stor suksess som liveartist både i Norge og Sverige. Og no er han veldig klar for Stryn.

Allsang: Freddy Kalas på Allsang på grensen på TV2 no i sommar. Foto: Simen L. Ringen  Foto: Simen L. Ringen

 

- Høyrt mykje bra om Stryn

– For dei som ikkje for lengst kjenner deg, kven er Freddy Kalas?

– Eg er ein jovial musikar frå Drammen som elskar fest og allsongmusikk!

– For publikum flest er du kjend frå f.eks. VG-lista og Allsang på grensen, kva tenkjer du om messejobb på Strynemessa?

– Strynemessa ser eg veldig, veldig fram til! Eg gler meg til å helse på og synge for glade og feststemte stryningar! Eg har nemleg høyrt mykje bra om folk i Stryn og på Strynemessa, og det gjer meg berre endå mer spent på kva som kjem.

- Gler meg skikkeleg!

– Er det første jobben din her i distriktet?

– Det er nok det. Det næraste eg har kome er vel Lærdal. Eg ønskjer å besøkje endå fleire plassar i Sogn og Fjordane. Eg vert veldig trekt mot naturen, og er spesielt glad i fjordane og dei djupe dalane. Eg veit det er veldig pent i Stryn - det kan nemleg postkorta bekrefte. Kanskje folka der er like pene også?

– Kva kan publikum vente seg når du kjem til Stryn for første gong?

– Dei kan vente seg eit show som byr til fest og eit allsongsirkus utan like. Vel møtt skal alle vere - eg gler meg skikkeleg!