Kornølfestivalen er i gang

I gong "Tjuvstart» av konrølfestivalen i Sigridstova på Grothaug fredag.  Foto: Inge Fænn

Nyhende

Den offisielle opninga av kornølfestivalen er først fredag kveld, men det var «tjuvstart» i Sigridstova på Grothaug fredag føremiddag. Den verneverdige stova frå  16000-talet har god grue, og stova var full av både norske og utanlandske deltakarar.

Brødrene Doug og Rodd Alney hadde teke turen heilt frå Seattle, og dei filma for å få med seg kunnskapen heim.
Det er første gongen dei vitjar Norge, og om dei har norske røter så er det i alle fall langt tilbake, men dei hadde god tru på det norske ølet.

Den offisielle opninga er i Honndalshallen, og der skal Simonas Gutautas vise korleis dei bryggjer øl i Litauen.

Den store finalen med kåring av norsk meister kjem først i laurdag kveld.