Dagens leiarartikkel

Posten og aviser

Skal avisabonnenane i landet få avisa kvar dag, treng vi postomdeling fem dagar i veka.  Foto: Kaia Johnsen Viki (arkiv)

Posten har vore ein del av landets infrastruktur. Å plukke denne frå kvarandre vil få fatale konse-kvensar

Nyhende

Posten ønskjer å kutte tal postdagar til i snitt to og ein halv dag i veka. Signal frå politisk hald gir stor grunn til uro. Samferdselsminister Jon Georg Dale som er ansvarleg for Posten har ovanfor avisa Klassekampen uttalt at media må tilpasse seg kutt i tal postdagar ved å auke tempoet i arbeidet med å få fleire papiravisabonnentar til å bli digitale brukarar. Men folk sine medievaner let seg ikkje endre over natta i form av eit politisk vedtak. Det veit samferdsleministeren godt, som sjølv kjem frå ein grisgrendt del av landet. Mediebransjen forventar at han tek avisene sin situasjon på største alvor, når han skal leggje fram regjeringa sitt forslag til endringar i postlova.