Til retten for å oppheve sal av gardsbruk

Det går mot ei rettsleg avgjerd for eit omstridd eigedomssal i Hornindal.

Til retten: Advokat Per Kjetil Stautland representerer Undis Nortun Vellene i saka der Vellene ønskjer salet av eigedomen hennar oppheva.  Foto: Anne-Mari Aalberg

Nyhende

– Det er sendt inn rettsleg stevning i saka, fortel advokat Per Kjetil Stautland som representerer seljar Undis Nortun Vellene i tvisten kring eit eigedomssal i Hornindal kommune. Seljar ynskte etter kontraktsinngåing å annulere eigedomssalet, men dette kravet vart avvist av kjøpar Matias Lunde.