Vaksenopplæringssenteret:

Kan få lokale «på» Strynehallen

Ei rekkje alternativ for nye lokasjonar ligg på bordet, mellom anna i eit tilbygg på Strynehallen.

Alternativ Hilde Lødøen viste eit forslag til lokasjon for vaksenopplæringa oppå det flate taket på Strynehallen. Der vil det også bli plass til ein kafe og høve til overnatting etc. – Stryn kommune eig Strynehallen og vi kan vurdere ei slik løysing, sa kommunalsjefen til kommunestyret.  Foto: Roger Oldeide

Nyhende

Det har synt seg vanskeleg å få plass til både Tonning skule og Stryn Vaksenopplæringssenter i eitt bygg. Tonning skule sitt allereie avgrensa uteområde kan ikkje nyttast til utbygging. Både faglege vurderingar frå arkitektar og plassmangel talar for å dele dei to i ulike prosjekt.

Bakgrunnen er at i økonomiplanen 2018–2021 ligg det inne ei kostnadsramme på 50.000.000 kroner for begge prosjekta samla. Under førre kommunestyre vart desse altså vedteke oppdelt.