Slo Tornado desperado

Det vart meir spennande enn det trengte å bli på Stryn stadion laurdag

Siger Raudtrøyene tok alle tre poenga mot Tornado Måløy laurdag  Foto: Roger Oldeide

Nyhende

Stryn tok imot poengdesperate Tornado Måløy laurdag. Ved pause sto det 1 - 0 til heimelaget etter mål av Marius Rauset.

Andre omgang skulle bli langt meir innhaldsrik. Vegard S. Hopland la på  til 2 - 0 berre nokre minutt ute i andre omgang og heimelaget så lenge ut til å ha relativt god kontroll.

Etter 71 minutt reduserte Tornado Måløy etter eit straffespark og temperaturen i kampen tok seg opp fleire hakk.

Tornado Måløy kjempa desperat for å skaffe seg tre poeng som ville sikre plassen i Kretsligaen, men det var likevel Stryn som produserte mest og vann fortent 2 - 1 i sesongens nest siste kamp.

- Vi gjør ingen stor kamp i dag med mange feilpasningar, men vi kjempar godt mot eit aggressivt Tornado. Vi burde ha punktert kampen fleire gonger så dette vart unødvendig spennande, seier Stryn-trenar Geir Inge Rake. 

Meir om denne kampen i tysdagsavisa