Stryn gir ingenting gratis

For andre helga på rad møter Stryn ein motstandar som desperat treng poeng for å overleve i Kretsligaen.

Heimebane: Vegard Sæten Hopland og Stryn spelar mot Tornado Måløy.   Foto: Roy Aron Myklebust

Nyhende

Førre helg spelte Stryn uavgjort 2–2 mot Bremanger. Denne helga er det Tornado Måløy som er utfordringa for Stryn. Kystlaget tok ein viktig 3–0 siger over Kaupanger sist, men laget treng framleis poeng for å sikre plassen.

– Vi fokuserer på det positive som har skjedd i haust og tek det med inn mot denne kampen. Vi møter nok eit aggressivt og tent Tornado-lag som treng poeng. Det er viktig at vi svarar på det, seier trenar Geir Inge Rake, som må klare seg utan Emil Allesøe, Mathias Garlid (begge skade) og Tanel Melts på laurdag.