Måløyraidsenteret – ei dramatisk krigshistorie

Måløyraidsenteret i Måløy, som nyleg vart opna av kronprinsparet, er dramatiske krigshistorier i ord, film og bilde.
Nyhende

– Her byrja starten på slutten for andre verdskrig, seier lokalhistorikaren Terje Sølvberg. Han siterer tidlegare forsvarssjef Harald Sunde frå ei av vitjingane i samband med planlegginga. Både Sunde og forgjengaren Sverre Diesen hadde tru på dette senteret, seier Sølvberg.