Lånte topp utstyr av friidrettskrinsen:

Proft lagsmeisterskap i Olden

Proft utstyr: Olden IL arrangerte lagsmeisterskap med utstyr som tilfredsstiller alle krav for godkjenning av resultat.   Foto: Sondre Guddal Muri

  Foto: Sondre Guddal Muri

Nyhende

Trass i dårleg ver stilte 20 utøvarar i alderen 6–20 år opp på Olden IL sitt lagsmeisterskap i friidrett sist laurdag.

Det vart konkurrert i øvingane 60 meter, 100 meter, liten ball, kule og lengde.

- For første gong i Stryn kommune kunne friidrettsgruppa i Olden IL arrangere eit stemne som tilfredsstiller alle krav for godkjenning av resultat. Dette betyr elektronisk tidtaking og bruk av vindmålar på løpsøvingane og i lengde. Utstyret, lånt ut av Sogn og Fjordane friidrettskrins, fungerte perfekt, opplyser Hans Petter Galtung i friidrettsgruppa i Olden.

- Kjøleg ver (6 grader) og regn innbaud ikkje til dei heilt store resultata. Mathias Melheim (klasse 18/19 år) sitt resultat med 6kg-kula, 15,23, var den beste prestasjonen på stemnet. Dette er eit resultat heilt i norgestoppen. Ruben Eide Gjerde (13) sprang 60m på 8.20. Også dette eit svært godt resultat tilhøva teke i betraktning.

Elles vart det levert flott innsats og mange gode resultat av deltakarane under 13 år. Dette viser at framtida for friidretten i Olden ser lys ut. Den ser og lys ut fordi like etter lagsmeisterskapet starta utgravinga av tomta for eit arenabygg/klubbhus like ved friidrettsanlegget. Bygget skal innehalde lager, styrkerom, møterom og sekretariat, avsluttar Galtung.