Aukar avgiftene på tobakk, drivstoff og alkohol

I statsbudsjettet for 2019 foreslår regjeringa å auke avgiftene på tobakk, drivstoff og alkohol. Avgifta på snus aukar mest.
Nyhende

Avgifta på snus og skråtobakk aukar frå 105 kroner til 107 kroner, ein auke på 1,9 prosent frå i dag. Avgifta på sigarettar, sigarar og røykjetobakk blir auka med 1,5 prosent.

Auken er betydeleg lågare enn det som vart foreslått i fjor. Då ville regjeringa auke snusavgifta med heile 10 prosent og auke tobakksavgifta med 5 prosent.

Regjeringa vil også auke avgifta på brennevin med 1,5 prosent. Avgifta på vin og øl blir foreslått auka med 1,4 prosent.

Vegbrukssavgiftene på drivstoff blir også foreslått auka. Avgifta på bensin blir auka med 1,5 prosent, mens avgifta på diesel blir auka med 1,6 prosent.

(©NPK)


Bildetekst sy8dfe9a:

Illustrasjonsfoto: Hallvard Østrem / NPK