Flest hummarfiskarar på Vestlandet

I Sogn og Fjordane har 1.300 personar registrert seg til hummarfisket i år

Hummarfiske I Sogn og Fjordane er hummerfiske frå 1. oktober til og med 30 november i år.  Foto: Kari Hamre / NPK

Nyhende

Det er flest påmelde i Hordaland med 6.000 registrerte fiskarar, og det er også mange i Rogaland og Møre og Romsdal.

Så langt i år har 27.000 personar meldt seg på hummarfisket. Det er ein nedgang frå 33.300 i fjor, melder Fiskeridirektoratet. Dei minner også om at ein må registrere seg på nytt i år, sjølv om ein deltok i hummarfisket i fjor.