Innføring av trombolyse i ambulansane

Denne veka er alle ambulansetilsette i Stryn ferdig utdanna for trombolyse-behandling.

Nytt tilbod: Kenneth Breidablik (t.v.), Vegard Rake Midtun er blant personell ved Stryn ambulanse som er klare for å bruke trombolyse til pasientar med hjarteinfarkt.  Foto: Anne-Mari Aalberg

Nyhende

Alle ambulansane i Helse Førde har no personell som kan behandle hjarteinfarkt-pasientar med trombolyse. Denne veka har det vore opplæring på ambulansestasjonen i Stryn, og alt personell i føretaket har no lært trombolyse-behandling. Dette kan redde liv eller avgrense skadeomfanget ved hjarteinfarkt. Tidsfaktor er viktig frå oppstått blodpropp til pasienten får blodtynnande behandling.

– Vi erstattar ikkje behandling på sjukehus, men vi kjøper tid for pasienten, seier Vegard Rake Midtun. Kenneth Breidablik ynskjer å framheve at det gjeld å ta kontakt med legevakt så snart som råd om ein kjenner at noko ikkje er som det skal med kroppen.