Kuttar støtta til glutenfritt kosthald

  Foto: Ellingsen, Tommy

Nyhende

Berre personar med cøliaki skal heretter få støtte til glutenfritt kosthald, foreslår regjeringa, som også kuttar støtta til desse med nærmare 70 prosent.

Glutensensitivitet kan ifølgje medisinske fagmiljø ikkje reknast som ein sjukdom, så sant det ikkje ligg føre ei cøliaki-diagnose. Regjeringa foreslår derfor å kutte grunnstønaden til denne gruppa.

Grunnstønaden til personar med cøliaki blir også kutta kraftig, frå 23.988 kroner til 8.232 kroner.

Ein fersk SIFO-rapport, bestilt av Arbeids- og sosialdepartementet, viser at meirkostnaden ved eit glutenfritt kosthald no er på 7.860 kroner i året, ettersom tilbodet av glutenfrie produkt i matbutikkane har auka og prisane har gått ned.

(©NPK)


Bildetekst sy948a15:

Berre personar med cøliaki bør heretter få støtte til glutenfritt kosthald, foreslår regjeringa. Foto: Tommy Ellingsen / NTB scanpix