Regjeringa gir 2,6 milliardar meir i frie midlar til kommunane

Regjeringa vil auke dei frie inntektene til kommunane med rundt 2,6 milliardar kroner. Dei anbefaler at pengane går til blant anna veg og skule.

Finansminister Siv Jensen presenterte i dag regjeringa sitt framlegg til statsbudsjett. (Arkivfoto)   Foto: Tor Audun Gram

Nyhende

– Regjeringa sitt budsjettforslag for kommunesektoren set kommunane i stand til å fortsette å styrke viktige velferdstenester. Det blir lagt særleg til rette for å styrke tilbodet til rusavhengige, tidleg innsats i skulen og habiliterings- og rehabiliteringstenestene, seier kommunalminister Monica Mæland (H) i ei pressemelding.

Regjeringa anbefaler å gi dei tre satsingsområda ministeren nemner høvesvis 200, 200 og 100 millionar kroner. Dei ønsker også at 100 millionar kroner skal gå til betring av fylkesvegnettet.

I kommuneproposisjonen i mai varsla regjeringa at dei ville komme med ein auke på mellom 2,6 og 3,2 milliardar kroner i frie inntekter til kommunane neste år. Dermed har dei i forslaget til statsbudsjett falle ned på den nedre delen av sjiktet.

Det blir lagt opp til at heile auken i dei frie inntektene neste år går til kommunane, og at det ikkje blir nokon reell auke i dei frie midlane til fylkeskommunane.

(©NPK)