Regjeringa vil kutte selskapsskatten til 22 prosent

Nyhende

Regjeringa foreslår i statsbudsjettet å kutte selskapsskatten frå 23 til 22 prosent, etter det NTB erfarer.

Dei siste åra har selskapsskatten blitt redusert fleire gonger. I 2015 var han på 27 prosent, og i år ligg denne skatten på 23 prosent.

Redusert selskapsskatt har vore eit tilbakevendande krav frå norsk næringsliv, som argumenterer med at Noreg vil sakke akterut internasjonalt dersom denne skatten ikkje blir kutta.

(©NPK)