Statsbudsjettet:

Regjeringa vil senke eigedomsskatten

Nyhende

Regjeringa vil senke maksimal eigedomsskattesats for bustad- og fritidseigedom frå 7 til 5 promille med verknad frå og med 2020.Samtidig blir det foreslått at grunnlaget for eigedomsskatt ikkje skal kunne overstige 70 prosent av marknadsverdien.

I tillegg blir det foreslått at enkeltkommunane må bruke SSBs bustadverdiar når dei skal berekne eigedomsskattegrunnlaget for bustad.

(©NPK)