- Tips må innrapporterast til skattemyndigheitene

Tips til tilsette må frå neste år innrapporteres til skattemyndigheitene på lik linje med ordinær lønn, foreslår regjeringa i statsbudsjettet.

Regjeringa foreslår i neste års statsbudsjett at arbeidsgjevarar må innrapporterte, gjennomføre forskuddstrekk og betale arbeidsgivaravgift for lønn i form av tips.   Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix / NPK

Nyhende

Innrapporteringa vil også innebere at det må betalast arbeidsgivaravgift av lønn i form av tips.

– Regjeringa meiner arbeidstakarane bør få same rettar til sjukepengar og pensjon frå folketrygda uavhengig av om dei får betalt i form av tips eller ordinær lønn. Derfor foreslår vi å endre skattereglane for tips, seier finansminister Siv Jensen (Frp).

Regjeringa viser i sitt forslag til at tips er skattepliktig inntekt, men at arbeidsgjevar ikkje er plikta til å innrapporterte tips og at tips derfor ikkje har vore skattlagt i praksis.

Jensen meiner at endra skattereglar for tips vil styrke rettane for arbeidstakarane. Samtidig vil det føre til likebehandling av lønn mellom ulike bransjar.

Skattedirektoratet foreslo tidlegare i år at arbeidsgjevarar frå 2019 må innrapporterte, gjennomføre forskotstrekk og betale arbeidsgjevaravgift på alle tips som tilsette får.

NHO Reiseliv fryktar at konsekvensen av forslaget kan bli tipsforbod i delar av bransjen.

– Resultatet blir mindre pengar til dei tilsette og mykje meir avgifter og byråkrati for bedriftene, seier direktør Kristin Krohn Devold i NHO Reiseliv.

(©NPK)