Dagens leiarartikkel:

Dødsfeller på hjul

På tvers: Vogntoget som kom køyrande på glatte sommardekk ned Strynefjellsvegen var fullstendig ute av kontroll.   Foto: Politiet

Å køyre vogntog på glatte sommar dekk over snødekte fjell er å spele russisk rulett med andre sine liv

Nyhende

Torsdag førre veke var det berre tilfeldigheiter som skilte mellom bot og inndrege køyretillatelse i Norge og tiltale for aktlaust drap. Vogntoget som kom køyrande på glatte sommardekk ned Strynefjellsvegen var fullstendig ute av kontroll. Over fleire hundre meter brukte vogntoget absolutt heile vegbreidda før det stoppa i saks og stod fast mellom autoverna på kvar side av vegen.