Fellesnemnda legg møta ut i grendene

Fellesnemnda for nye Volda legg eit løp med møter lagt til ulike bygdelag dei neste månadane.

Startar på Bjørke: Første møtet til Fellesnemnda, med påfølgjande ope informasjonsmøte, vert lagt til Bjørke 18. oktober.   Foto: Rune Sæbønes/Møre-Nytt

Nyhende

Det var under sist møte i nemnda det vart diskutert at møta burde flyttast ut i skulekrinsane. Dette for å møte grendelaga og bli betre kjend med dei ulike bygdene.