48 ølsortar:

Heimesiger i kornølfestivalen

Honndølene tok heime-siger i begge klassane under kornølfestivalen i helga. Ølet til Arve Espe fekk publikumsprisen medan dommarane satsa på Pellabakkjen låvebryggeri i Otterdal.
Nyhende

Angen av humle låg fint over Honndalshallen på siste dag av kornølfestivalen. De var Simonas Gutautas saman med kameratane sine som viste korleis dei bryggja øl i Litauen. Spranget var ikkje stort frå det norske, men for mange var det nytt at dei nytta pinnar av or i botnen på rusten. Det gir ein mørkare farge på ølet.

Tjuvstarta fredag

Festivalen hadde «tjuvstart» i Sigridstova på Grothaug fredag. Den gamle stova frå 1600-talet har høveleg grue, og Stig Seljeset stilte med Seljesetkveik som har vore i slekta i meir enn hundre år. Han enda også på tredjeplass i publikumsvurderinga etter Olav Sverre Gausemel, medan Arve Espe gjekk heilt til topps med ei brygg som viste ein styrke på 8,6 % i målingane.