Vikane omsorgssenter:

Rolf med kunstutstilling

Rolf Vangberg er bebuar ved Vikane omsorgssenter og opna sist veke utstilling av måleri.

Heimstad: Rolf Vangberg inviterte til kunstutstilling ved omsorgssenteret i Innvik fredag. Her ved eit måleri frå heimstaden i Olden.  Foto: Anne-Mari Aalberg

Nyhende

Han kunne ynskt å lære meir om målarkunsten, men det vart ikkje slik. Rolf Vangberg har likevel hatt glede av å feste synsinntrykk og minne på lerret med bruk av olje- og akrylmåling.

– Men eg lærte mykje på Kypros der eg og kona ofte var på ferie, fortel kunstnaren, og syner fram 25 opphengde måleri som også er for sal.