Dei spør deg kva det betyr det å vere raus

Lappane på dette treet har folk sine svar på kva det betyr å vere raus. – Lappane skal leverast ordføraren i Stryn.

Tiltak Ann-Iren Ulvedal i Vaksne for barn og Benedicte Sundgot Greidung i Flykningtenesta og andre organisasjonar i Stryn skal gi lappane på treet til ordførar Sven Flo i håp om ein raus politikk som tek psykisk helse på alvor.  Foto: Roger Oldeide

Nyhende

Organisasjonane «Vaksne for barn Indre Nordfjord», «LEVE», «Mental Helse Stryn», «Flyktningtenesta», «Frisklivsentralen» og «Frivilligsentralen» har saman sett fokus på psykisk helse. I dag onsdag er det verdsdagen for psykisk helse der temaet er nettopp rausheit

På stand: Lillan Heimlid (Voksne for barn) Marit S. Skrede (Frivilligsentralen) Benedicte S. Greidung (Flyktningtensta) initiativtakar Karin G. Vik, Nils Petter Hauge (LEVE) og Jorge H. Garcia (flyktningtenesta) har sett fokus på psykisk helse  Foto: privat

Under Strynemessa hadde desse organisasjonane stand der dei mellom anna opplyste om organisasjonar som arbeider med psykisk helse i kommunen. Dei oppmoda og folk om å skrive ned på ein lapp kva det betyr å vere raus. Alle svara vart hengt opp i eit medbragt tre, men organisasjonane vil ha fleire svar frå folk i Stryn kommune.