Desse skogsvegane skal utbetrast

Stryn kommune vil bruke 100.000 kroner til flaskehalsvegar
Nyhende

I høve Stryn kommune sin skogbruksplan er det kartlagt ei rekkje kommunale "flaskehalsvegar" knytt til skogsvegar som formannskapet skal handsame onsdag.

Av saksframlegget går det fram at ein "flaskehalsveg" er ein kommunal skogsveg med for dårleg bæreevne til at ein kan køyre ut tømmer, utan å måtte å køyre små lass. Årsaka kan vere for liten radius i svingar, for små bruer og for liten snuplass etc.

Kommunen har leigd inn ein ekstern aktør for å føreta bæreevnemålingar på dei aktuelle kommunale «flaskehalsvegane» og kome fram til at følgande vegar skal prioriterast:

  • Blakset – frå fv. 698, kv. 62 forbi Nordsida skule.
     
  • Markane – frå rv. 15, kv. 39 i Sør-Markane.
     
  • Olden – frå fv. 60, kv. 109 Skarstein.
     
  • Innvik – frå fv. 60, kv. 127 og kv. 128 mot Li, Heggdal og Einebakken.
     
  • Utvik – frå fv. 60, kv. 143, kv. 148 og kv. 149 mot Øvre Valaker, Berge og Kårstad.

I saksframlegget går det fram at skogreisingsfondet har i overkant av kr. 300.000.

- Vi ser det som naturleg å bruke nokre av desse midlane til bæreevnekartlegginga for dei utvalde «flaskehalsvegane», som ein del av kartlegginga og opprustingsprioriteringa i skogbruksplanen. Vi meiner at denne bruken av midlane er innanfor rammene til prosjektet og tidlegare vedtak gjort av formannskapet, og også rett i høve til føremålet med midlane på skogreisingsfondet. Vi vil difor bruke kr. 100 000 av midlane på skogreisingsfondet til bæreevnekartlegginga, skriv rådmannen.

Saka vert lagt fram "til vitande" for formannskapet onsdag.