2,5 millionar til fjordhesten

Positiv: Dei nasjonale hesterasane er framleis trua, men trenden er positiv, seier leiarane for dei nasjonale hestesentera. Dette er hingsten Heggnes Balder, som har stått i vårstasjon på Nordfjordeid. Foto: Norsk Fjordhestsenter  Foto: Norsk Fjordhestsenter

Nyhende

I regjeringa sitt framlegg til statsbudsjett er det for første gong på fleire år ikkje kutt i løyvingane til sentera for dei nasjonale hesterasane.

– Svært gledeleg, seier dagleg leiar for Norsk Fjordhestsenter, Magni Hjertenes Flyum, i ei pressemelding. I utkast til statsbudsjett for 2019 er det føreslått 4 947 000 kroner fordelt på dei to sentra.

I følgje pressemeldinga vart det i 2015 gjort eit løft for dei regionale hestesentera, men åra etter har det vore kutta i framlegg til statsbudsjett.

– Vi har i fleire år måtta arbeidd for å få desse pengane på plass i stortingshandsaminga, og er svært glade for at Regjeringa har tatt dette med i framlegg til statsbudsjett, seier leiarane for Norsk Fjordhestsenter og Nasjonalt senter for nordlandshest/lyngshest. Dei seier dei nasjonale hesterasane framleis er trua, men at trenden er positiv og den negative trenden ein hadde for nokre år sidan er snudd. – Det er marknad for dei nasjonale rasane, men kjøparane vil ha ferdig utdanna hestar, seier dagleg leiar ved Nasjonalt senter for nordlandshest/lyngshest, Linda N. Holmebukt. Norsk Fjordhestsenter har hatt eit forprosjekt på kvalitetssikra utdanning av unghest, og dette vert vidareført ved begge sentera. Ved Norsk Fjordhestsenter er det i tillegg semin- og avlstasjon.